Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om drapet på elleve colombianske parlamentsmedlemmer som blei haldne som gissel av Fuerzas Armadas Revolucionárias de Colombia (FARC) (03.07.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

EU seier seg svært lei for og fordømmer på det sterkaste drapet på elleve parlamentsmedlemmer frå departementet Valle del Cauca, og stør ei omfattande og upartisk gransking av kjensgjerningane.

EU seier seg svært lei for og fordømmer på det sterkaste drapet på elleve parlamentsmedlemmer frå departementet Valle del Cauca som FARC har halde som gislar sidan 2002, og stør ei omfattande og upartisk gransking av kjensgjerningane. 

EU uttrykkjer si djupe medkjensle og solidaritet med familiane til ofra. 

EU framhevar at det å ta gislar, er eit alvorleg brot på internasjonal humanitærrett, og EU oppmodar enno ein gong til at alle som blir haldne som gislar av FARC og andre ulovlege grupper i Colombia, må bli sette fri straks og utan vilkår.

EU tek opp att behovet for ein humanitær avtale og meiner at det er svært viktig at det blir arbeidd vidare med å inngå ein slik avtale. EU understrekar på nytt støtta si til dei innspela som Frankrike, Spania og Sveits har komme med i denne samanhengen. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.