Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om nedskjeringar i drivstoffleveransane til Gazastripa (31.10.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

EU merkjer seg med uro Israel si avgjerd om å skjere ned på leveransane av drivstoff til Gaza, sjølv om slike leveransar er livsviktige for sivilbefolkninga.  

EU fordømmer dei uakseptable og vedvarande åtaka på israelsk territorium og erkjenner den legitime retten Israel har til å forsvare seg, men strekar samstundes under at det er nødvendig å nøye vurdere dei negative verknadane slike tiltak har for ei sivilbefolkning som allereie lever under svært vanskelege tilhøve.  

EU, som er medviten om den vanskelege humanitære og økonomiske stoda til det palestinske folket, er framleis fast bestemt på å halde fram med hjelpa si og vil gjere det dei kan for sikre at det blir gjeve naudhjelp og humanitær bistand til befolkninga i Gaza, som EU ikkje vil svikte. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.