Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Republikken Guinea (02.04.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

Den europeiske unionen seier seg glad for at statsminister Lansana Kouyaté 28. mars skipa ny regjering i Guinea som det var brei semje om, og som blei til etter intensive konsultasjonar med alle dei politiske aktørane, fagforeiningane og det sivile samfunnet.

Denne nye utviklinga for å komme ut av krisa har enno ein gong hatt nytte av meklinga til Den økonomiske samanslutninga av vestafrikanske statar (ECOWAS), representert ved Nigerias tidlegare statsoverhovud Babangida, og leiaren for ECOWAS-kommisjonen, dr. Ibn Chambas.  

Den europeiske unionen oppmodar den nye regjeringa om å ta fatt på arbeidet med den økonomiske og sosiale gjenreisinga av landet og med å betre situasjonen for menneskerettane og prinsippa for rettsstaten, og oppmodar dei dynamiske kreftene i landet om å ta del i det som blir gjort for dette føremålet. Unionen ber òg den nye regjeringa om å kaste fullt lys over den valden som har kravd mange menneskeliv, for å sikre at dei skuldige ikkje slepp straff.  

Den europeiske unionen ønskjer å ta opp att dialogen med den nye regjeringa og har planar om å sende eit sendelag til Guinea i mai for å følgje opp konsultasjonane i samsvar med artikkel 96 i Cotonou-avtalen. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa. 

*   Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.