Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen i Republikken Guinea

(15.02.2007)

Den europeiske unionen er forferda over at valden i Guinea har halde fram etter at presidenten utnemnde ein statsminister, og seier seg enno ein gong svært lei for at menneskeliv har gått tapt. Unionen fordømmer den valdelege undertrykkinga av demonstrasjonar og seier seg lei for at det er erklært unntakstilstand. Restriksjonane på fridomane, særleg på radiosendingar, utgjer eit tilbakesteg i gjennomføringa av dei tilsegnene regjeringa kom med i samband med samråda under Cotonou-avtalen.

Saman med ECOWAS oppmodar Den europeiske unionen regjeringa om å vere tru mot den avtalen som blei underteikna med fagforeiningane. Unionen ber òg alle partar om å løyse krisa gjennom samtalar og å gje avkall på bruken av vald.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.