Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen i Republikken Guinea

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

(09.02.2007)

Den europeiske unionen seier seg glad for at fagforeiningane og regjeringa 27. januar 2007 inngjekk ein avtale som mellom anna fastset at det skal utnemnast ein statsminister med utøvande makt.

Den europeiske unionen har stort håp om at dette vil vere ei utnemning som alle kan einast om og som vil skje svært raskt, at ho vil bidra til å løyse den politiske krisa og at ho vil gjere det mogeleg for EU å ta opp att ein konstruktiv dialog med dei nye styresmaktene innanfor ramma av dei samråda som har pågått sidan 2004, i samsvar med Cotonou-avtalen.

I nært samarbeid med ECOWAS held Den europeiske unionen eit vake auge med situasjonen i Guinea. Unionen seier seg svært lei for at menneskeliv gjekk tapt under demonstrasjonane førre månad. Dei ber regjeringa om ei atterhaldslaus forklaring på omstenda kring desse dødsfalla og om dei rettslege tiltaka som blir trefte mot dei som er ansvarlege.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

*  Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.