Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen for Hmong-flyktningar i Thailand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

(01.02.2007)

Den europeiske unionen seier seg glad for at den kongelege thailandske regjeringa 30. januar 2007 stansa førebuingane til med makt å utvise ei gruppe på 153 Hmong-flyktningar til Den demokratiske folkerepublikken Laos. Dei fleste av desse har flyktningstatus i følgje UNHCR-reglane.

Den europeiske unionen understrekar at det var fleire tredjeland som før 30. januar 2007 hadde sagt seg villige til å ta i mot dei 153 Hmong-flyktningane for gjenbusetting. Unionen meiner at det å utvise menneske med godkjend flyktningstatus er eit klart brot på det internasjonalt aksepterte prinsippet om ikkje-utsending (non-refoulement), og oppmodar den kongelege thailandske regjeringa om å samarbeide med UNHCR og dei landa som er villige til å ta imot Hmong for gjenbusetting, for å finne ei humanitær løysing på problemet.

Den europeiske unionen er klar over at Kongeriket Thailand er i ein vanskeleg situasjon fordi dei har svært mange flyktningar på sitt territorium. Den europeiske unionen minner om at den kongelege thailandske regjeringa ved fleire tidlegare høve har sagt at dei er fast bestemte på å løyse problemet med flyktningar som bur i Thailand, i samsvar med humanitære prinsipp. Den europeiske unionen oppmodar den kongelege thailandske regjeringa om ikkje å avvike frå desse prinsippa. I denne samanhengen ber Den europeiske unionen innstendig den kongelege thailandske regjeringa om å behandle dei Hmong-flyktningane som blir haldne i Nong Khai og andre stader, saman med dei som bur i den provisoriske leiren i Ban Huay Nam Khao nær Petchabun i samsvar med desse prinsippa.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.