Erklæring frå EU-formannskapet om den nær føreståande avrettinga av tre menn frå Ahvaz i Iran

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

(01.02.2007)

Den europeiske unionen seier seg svært lei for avrettinga 24. januar av fire arabiske menn frå Ahvaz som var dømde til døden i Iran skulda for å ha teke del i terrorhandlingar i Ahvaz-området.


EU har teke opp si uro med dei iranske styresmaktene over korleis rettargangen som førte til desse dommane, blei gjennomført og at dei tiltalte ikkje hadde tilgang til advokatar.


EU ber Iran om å stanse avrettinga av dei tre andre mennene slik at desse kan få ei rettferdig og offentleg høyring, og for å sikre fullt innsyn i rettsforhandlingane og at dei er opne. EU understrekar på nytt at dei lenge har vore i mot dødsstraff under all omstende.Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.


 Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.