Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om at Behnam Zare kan bli avretta når som helst (11.09.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen er djupt uroa over meldinga om at Behnam Zare - som er dømd til døden for eit brotsverk han gjorde seg skuldig i som mindreårig - kan bli avretta når som helst.

Den europeiske unionen er djupt uroa over meldinga om at Behnam Zare kan bli avretta når som helst. Ein dommar ved domstolen i Shiraz dømde han til døden for eit brotsverk han gjorde seg skuldig i som mindreårig.

EU minner om dei internasjonale forpliktingane til Den islamske republikken Iran og særleg den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og konvensjonen om rettane til barnet. Begge konvensjonane inneheld eit klart forbod mot å avrette mindreårige eller menneske som har blitt dømde for brotsverk dei gjorde seg skuldige i som mindreårige.

EU ber innstendig Den islamske republikken Iran om å følgje folkeretten og å stanse avrettinga av Zare og av alle andre mindreårige lovbrytarar, og vurdere alternative straffer for mindreårige lovbrytarar.

Sidan månaden ramadan nærmar seg oppmodar EU òg Den islamske republikken Iran om å kunngjere ein førebels stans i alle avrettingar for å innleie ein hardt tiltrengd gjennomgang av den internasjonale stillinga til Den islamske republikken Iran og å minne domstolane om dei internasjonale forpliktingane Iran har.  

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.