Erklæring frå EU- formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Jamaica som blei halde nyleg (26.09.07)

Den europeiske unionen gratulerer Bruce Golding med utnemninga til statsminister i Jamaica etter det demokratiske parlamentsvalet som blei halde nyleg.

Den europeiske unionen gratulerer Bruce Golding med utnemninga til statsminister i Jamaica etter det demokratiske parlamentsvalet som blei halde nyleg.

Samstundes takkar EU den avtroppande regjeringa til Portia Simpson-Miller for det nære samarbeidet og ser fram til å føre vidare dette nære samarbeidet med den nye jamaikanske regjeringa i innsatsen hennar for å oppnå sosial og økonomisk framgang til gode for borgarane og for landet sett under eitt.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.