Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om "presidentvalet" i Nagorno-Karabakh 19. juli 2007 (19.07.07)

EU er merksam på at det fann stad eit "presidentval" i Nagorno-Karabakh 19. juli 2007. EU understrekar at dei ikkje godkjenner Nagorno-Karabakhs sjølvstende. Dei godkjenner heller ikkje legitimiteten til dette "presidentvalet".

EU er merksam på at det fann stad eit "presidentval" i Nagorno-Karabakh 19. juli 2007. EU understrekar at dei ikkje godkjenner Nagorno-Karabakhs sjølvstende. Dei godkjenner heller ikkje legitimiteten til dette "presidentvalet”, som ikkje bør få nokon innverknad på ei fredeleg løysing på konflikten i Nagorno-Karabakh. 

EU minner dessutan om at flyktningar og internt fordrivne bør ha rett til å vende attende til heimane sine på trygt, sikkert og verdig vis slik at dei heilt og fullt kan delta i valet. 

EU understrekar på nytt si solide støtte til OSSEs Minsk-gruppe og formennene for gruppa og til deira innsats for å få ei løysing på konflikten i Nagorno-Karabakh. EU ber innstendig dei involverte partane om å intensivere innsatsen for å komme fram til ei framforhandla løysing på konflikten. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.