Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Alisher Saipov, ein kirgisisk journalist og menneskerettsforkjempar med usbekisk opphav, som er død i Kirgisistan (31.10.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

EU fordømmer på det sterkaste drapet på Alisher Saipov, ein kirgisisk journalist og menneskerettsforkjempar med usbekisk opphav, i Kirgisistan 24. oktober.

EU er fast overtydd om at ytringsfridom, mediefridom og respekten for menneskerettane er viktig for utviklinga av eit demokratisk og pluralistisk samfunn.

EU seier seg svært lei for at Saipov er død og rosar arbeidet hans, som var eit viktig bidrag i arbeidet for menneskerettane. EU ber innstendig dei kirgisiske styresmaktene om straks å gjennomføre ei grundig gransking av dødsfallet til Saipov, arrestere gjerningsmennene og stille dei for retten, slik president Bakijev forsikra om offentleg 25. oktober.

EU uttrykkjer si djupe medkjensle med familien til Saipov i denne vanskelege tida.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Republikken Moldova og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen