Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Komorane (23.10.07)

EU har allereie ved fleire høve gjeve uttrykk for uroa si over den krisa som truar einskapen til Komorane. EU ønskjer i dag å gje si fulle støtte til dei avgjerdene som freds- og tryggingsrådet til Den afrikanske unionen tok på møtet 10. oktober 2007, særleg dei tiltaka som blei vedtekne med omsyn til dei ulovlege styresmaktene på Anjouan.

EU minner om støtta si til bevaring av integriteten og einskapen til Unionen Komorane på grunnlag av Fomboni-avtalen (2001) og Moroni-avtalen (2003). Enno ein gong gjev EU uttrykk for at det må organiserast nye val på Anjouan under tilsyn av AU, i samsvar med dei tilrådingane som blei vedtekne på møta i Cape Town 19. juni og 18. september 2007.

EU erklærer seg reie til å vurdere kva hjelp dei kan gje AU slik at dei avgjerdene freds- og tryggingsrådet tok 10. oktober 2007, kan gjennomførast.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.