Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo (20.07.07)

Den europeiske unionen uttrykkjer djup uro over tryggingssituasjonen i den austlege delen av Den demokratiske republikken Kongo, særleg i Kivu-områda. Det at utanlandske og kongolesiske væpna grupper har tilhald der, at våpen blir spreidde og at det blir drive ulovleg utnytting av naturressursar er framleis ein trussel for stabiliteten i landet.

Den europeiske unionen ber alle dei partane som er i området, om å finne fredelege løysingar og å avstå frå alle militære handlingar som kan forverre situasjonen, særleg på det humanitære planet. EU oppmodar MONUC om aktivt å støtte alt arbeid som har det som mål.

Den europeiske unionen har fleire gonger teke opp att behovet for å finne ei varig løysing på problemet med utanlandske væpna grupper på kongolesisk territorium. EU erkjenner at tilhøvet mellom Den demokratiske republikken Kongo og Rwanda er avgjerande for å kunne løyse krisa i Kivu-områda og oppmodar dei to regjeringane om å halde fram med samarbeidet for å oppnå dette.

På same måten understrekar Den europeiske unionen at det er viktig å halde fram med reforma av dei væpna styrkane til Den demokratiske republikken Kongo (FARDC) og særleg å fullføre prosessen med å integrere den kongolesiske hæren.

Den europeiske unionen er klar til å støtte arbeidet med å finne politiske og diplomatiske løysingar. EU stadfester at dei forpliktar seg til å støtte reforma av tryggingssektoren i dei tre svært viktige områda politi, hær og domstolar. Den europeiske unionen seier seg glad for dei innleiande samtalane mellom dei kongolesiske styresmaktene og verdssamfunnet og planane om å arrangere ein rundebordskonferanse i Kinshasa i oktober.

Den europeiske unionen vil halde fram med å følgje utviklinga i Den demokratiske republikken Kongo nøye.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Aserbajdsjan, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.