Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om saker som gjeld menneskerettar i Iran (25.05.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Den europeiske unionen er svært uroa over den seinaste utviklinga når det gjeld menneskerettssituasjonen i Iran. EU er særleg uroa over dei mange aktivistane frå sivilsamfunnet og kvinnesaksaktivistane som har blitt arresterte den seinare tida. Lærarar, studentar, fagforeiningsmedlemmer, forskarar og journalistar som nyttar den retten dei har til fritt å uttrykkje meiningane sine, møter stadige trugsmål, og strengare reglar for korleis menn og kvinner skal gå kledde blir innførde med makt. Det har vekt uro at minst tre kontor til ikkje-statlege organisasjonar nyleg er blitt stengde. EU ønskjer òg å gjere merksam på at situasjonen for etniske og religiøse minoritetar i Iran stadig blir verre, særleg den kritiske stoda for bahaiane, som er utestengde frå det offentlege livet og blir utsette for diskriminering og trakassering.

EU uttrykkjer si uro over at folk framleis blir avretta i Iran, og ber innstendig den iranske regjeringa om aktivt å respektere og verne om dei grunnleggjande menneskerettane til borgarane ved heilt å avskaffe særleg dødsstraffa for mindreårige, amputasjonar og andre barbariske straffemetodar, som steining. Unionen oppmodar Iran om å oppretthalde moratoria sine når det gjeld denne praksisen og å lovfeste dette så snart som mogeleg, slik det blir tilrådd i den siste resolusjonen frå FNs generalforsamling om menneskerettane i Iran.

EU seier seg særleg lei for at Mohammad Moussavi blei avretta 22. april 2007 i Shiraz i Iran, trass i at han var berre 16 år då han gjorde seg skuldig i brotsverket. EU hadde ved to høve tidlegare drøfta saka hans med dei iranske styresmaktene, mellom anna i 2005 då dei iranske styresmaktene fortalde at den øvste leiaren for domstolane kom til å gripe inn og stoppe alle avrettingar av mindreårige som han fekk kjennskap til. EU minner om at dei svært lenge har hatt den haldninga at det ikkje under noko omstende må nyttast dødsstraff for personar som var under 18 år då dei gjorde seg skuldige i brotsverket.

Denne avrettinga strir direkte mot dei forpliktingane Iran frivillig har teke på seg etter FNs konvensjon om rettane til barnet og den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar. Ho er òg eit brot på moratoriet for avretting av mindreårige lovbrytarar som den iranske regjeringa kunngjorde i 2005 og som dei forsikrar EU om at framleis gjeld. EU ber innstendig den iranske regjeringa om å gjennomføre moratoriet fullt ut og å vurdere alternative straffer for dei mindreårige lovbrytarane som framleis ventar på dødsstraff i Iran.

EU uttrykkjer òg djup uro over at to dommar om amputasjonsstraff for tjuvar blei fullbyrda i Kermanshah i det vestlege Iran 27. februar og 13. mai 2007. Desse dommane strir mot det Iran forplikta seg til overfor EU i mars 2003 om å gjennomføre eit moratorium for amputasjonar. EU ber den iranske regjeringa om å treffe tiltak for å sikre at dommarar i framtida ikkje dømmer nokon til amputasjon, eller at slike dommar ikkje blir fullbyrda.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.