Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den formelle avskaffinga av dødsstraff i delstaten New Jersey i USA (17.12.07)

Den europeiske unionen seier seg svært glad for at guvernør Jon Corzine har underteikna lovframlegg S-171 - som inneber at dødsstraffa er avskaffa i delstaten New Jersey.

Den europeiske unionen seier seg svært glad for at guvernør Jon Corzine i dag underteiknar lovframlegg S-171. Underskrifta hans, som gjer lovframlegget til lov, inneber at dødsstraffa er avskaffa i delstaten New Jersey.

Den europeiske unionen meiner at avskaffing av dødsstraffa er grunnleggjande for å forsvare menneskets sjølvrespekt og for ei progressiv utvikling av menneskerettane.
Den europeiske unionen er heilt og fullt i mot bruken av dødsstraff under alle omstende og har konsekvent oppmoda til at denne straffemetoden blir avskaffa over heile verda.

Det er ingen ting som tyder på at bruken av dødsstraff verkar avskrekkande når det gjeld valdelege brotsverk, og det at straffa er endeleg, vil seie at justismord, som er uunngåelege i alle rettssystem, ikkje kan gjerast om. Dødsstraffa er derfor avskaffa i heile Den europeiske unionen.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

*  Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.