Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i dei nordlege regionane i Niger og Mali (09.10.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen er uroa over den forverra tryggingssituasjonen i dei nordlege regionane i Mali og Niger. EU fordømmer bortføringane og bruken av landminer, som er i strid med internasjonale konvensjonar, særleg Ottawa-konvensjonen, og som er til stor fare for sivilbefolkninga og hindrar utviklinga i desse regionane.

EU stadfester støtta si til regjeringane i Mali og Niger i tiltaka deira for å tryggje freden og den territoriale integriteten i dei respektive landa deira. EU gjev si støtte til initiativ som skal styrkje det nasjonale og regionale samarbeidet for å sikre tryggleik, fred og utvikling i Sahel/ Sahara-regionen. Unionen oppmodar dei to landa om i samråd å søkje felles løysingar på problem som strekkjer seg over dei nasjonale grensene.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.