Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet i Sierra Leone (17.08.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen seier seg glad for at president- og parlamentsvalet i Sierra Leone 11. august 2007 gjekk fredeleg for seg.

Den europeiske unionen seier seg glad for at president- og parlamentsvalet i Sierra Leone 11. august 2007 gjekk fredeleg for seg. Dette valet er eit viktig steg i retning av ei konsolidering av fred og demokrati i ein region som heilt til nyleg har vore herja av valdelege konfliktar.

EU gratulerer folket i Sierra Leone med eit velordna val og den nasjonale valkommisjonen med den dyktige leiinga av organiseringa av valet. EU vil, avhengig av valresultatet, følgje den andre omgangen av presidentvalet i landet nøye, dersom det er naudsynt med ein andre omgang.

Valobservatørane frå EU som var til stades, stadfesta at dette valet stort sett var godt organisert, gjekk fredeleg for seg og var prega av konkurranse. EU vil halde fram med å følgje situasjonen i landet nøye i tida etter valet og uttrykkjer håp om at Sierra Leone vil avslutte denne valprosessen på fredeleg vis og med respekt for dei demokratiske prinsippa. EU oppmodar alle partar og tilhengjarar om å vente med tolmod på dei offisielle resultata og vise toleranse når resultata blir kunngjorde, og å løyse alle tvistar som måtte oppstå, etter gjeldande rettslege mekanismar.

EU vil saman med ECOWAS og FN halde fram med å arbeide for ei fredeleg og velståande framtid i Sierra Leone.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.