Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om konflikten i Sool-regionen i det nordlege Somalia (09.10.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

Den europeiske unionen (EU) er uroa over utviklinga i tryggingssituasjonen i den nordlege regionen Sool i Somalia, særleg i og kring regionshovudstaden Las Anod. EU ber innstendig alle dei involverte partane om å vise det største atterhald og å avstå frå nye konfrontasjonar for å unngå ei ytterlegare opptrapping og at situasjonen utviklar seg til ein meir omfattande konflikt.

EU stør alle forsøk på å løyse den noverande usemja gjennom fredelege samtalar, og ber innstendig alle involverte partar om å erklære ein omgåande og vilkårslaus stans i krigshandlingane og påverke dei lokale gruppene slik at dei heilt avstår frå ytterlegare kamphandlingar, og dermed skape rom for dialog og forsoning.

EU meiner at militær konfrontasjon ikkje er i lokalsamfunna si interesse, men i staden truar stabiliteten i heile området. EU vil framleis følgje med i utviklinga.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.