Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om innleiinga av den nasjonale forsoningskongressen i Somalia (18.07.07)

Den europeiske unionen seier seg glad for at den nasjonale forsoningskongressen blei innleia i Mogadishu i Somalia 15. juli, og rosar den nasjonale styrings- og forsoningskomiteen og delegatane for innsatsen deira.

Den europeiske unionen seier seg glad for at den nasjonale forsoningskongressen blei innleia i Mogadishu i Somalia 15. juli, og rosar den nasjonale styrings- og forsoningskomiteen og delegatane for innsatsen deira. Den europeiske unionen håper at det så snart som råd er kan setjast i gang konkrete drøftingar for å oppnå nasjonal forsoning. 

Den europeiske unionen oppmodar alle somaliske aktørar om å avstå frå bruken av vald og til å delta på kongressen på ein konstruktiv måte. Den europeiske unionen understrekar kor viktig det er med eit klima der ein kan oppnå forsoning og som lèt alle partar ta del i kongressen. Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste alle freistnader på å undergrave atmosfæren av forsoning eller tryggleiken på den staden der kongressen kjem saman. 

Den europeiske unionen tek opp att støtta si til den nasjonale forsoningskongressen og innsatsen for å fremje fred og stabilitet i Somalia. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.