Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om åtaket på AU-sendelaget i Sudan (02.10.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste det avskyelege åtaket på leiren til AU-sendelaget i Sudan (AMIS), i Haskanita i Darfur, og drapa på og bortføringa av AMIS-soldatar. Unionen uttrykkjer si djupe medkjensle med familiane til dei soldatane som blei drepne.

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste det avskyelege åtaket på leiren til AU-sendelaget i Sudan (AMIS), i Haskanita i Darfur, og drapa på og bortføringa av AMIS-soldatar. Unionen uttrykkjer si djupe medkjensle med familiane til dei soldatane som blei drepne.

EU understrekar på nytt at dei reknar alle åtak på AMIS som eit medvite brot på dei gjeldande våpenkvileavtalane og på resolusjonane frå FNs tryggingsråd. EU oppmodar våpenkvilekommisjonen til å setje i verk ei grundig gransking av åtaket og å krevje dei ansvarlege til rekneskap.

Dette uhøyrte åtaket på dei fredsbevarande styrkane frå AU understrekar at det er nødvendig at alle partane i fredsprosessen i Darfur viser vilje til straks å stanse dei fiendtlege handlingane og slutte seg til den AU- og FN-leidde innsatsen for å finne ei fredeleg løysing på konflikten.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.