Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om terroråtaket i Karachi (22.10.07)

Den europeiske unionen fordømmer på det sterkaste terroråtaket på bilkolonnen til Benazir Bhutto, der meir enn 80 menneske som tok del i eit fredeleg opptog gjennom gatene i Karachi, miste livet.

Den europeiske unionen uttrykkjer si djupe medkjensle med familiane til dei uskuldige ofra for dette åtaket.

Slike handlingar i tida fram mot valet i Pakistan set valprosessen i stor fare. Den europeiske unionen ber difor innstendig dei pakistanske styresmaktene og alle politiske krefter i landet om å gjere det dei kan for å sørgje for at det kommande valet blir førebudd og halde i ein atmosfære som er slik at dei som røyster, fritt kan uttrykkje viljen sin.

Den europeiske unionen ber innstendig dei pakistanske styresmaktene om å sørgje for at dei som er ansvarlege blir stilte for retten.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.