Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om parlamentsvalet i Togo (19.10.07)

Den europeiske unionen seier seg glad for at parlamentsvalet i Togo 14. oktober 2007 gjekk føre seg på fredeleg vis. Dette valet markerer eit viktig steg på vegen mot ei konsolidering av demokratiet og er eit vendepunkt i gjennomføringa av den samla politiske avtalen.

EU uttrykkjer òg si beundring for det sterke demokratiske engasjementet hos folket i Togo, som møtte opp i hopetal for å røyste. EU vil be alle parti og aktivistar om å vente med tålmod på dei offisielle resultata, og oppmodar styresmaktene om å sluttføre prosessen på ein måte som inneber innsyn.

Saman med ECOWAS vil EU gjere sitt beste for at Togo skal få ei fredeleg og velståande framtid.

Valobservatørsendelaget frå Den europeiske unionen vil bli verande i Togo for å følgje det som står att av valprosessen, medrekna oppteljinga av røyster, ferdigstillinga av resultata og handsaminga av eventuelle klager.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.