Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Togo (12.07.07)

Den europeiske unionen følgjer framleis nøye den demokratiske prosessen i Togo i nært samarbeid med Samanslutninga av vestafrikanske statar.

Den europeiske unionen følgjer framleis nøye den demokratiske prosessen i Togo i nært samarbeid med Samanslutninga av vestafrikanske statar. 

EU gratulerer president Faure Gnassingbé og alle politiske krefter i Togo med dei framstega som allereie er gjort for å leggje til rette for valet på nasjonalforsamling, og rosar den innsatsen dei har gjort for å halde dette valet innan dei fristane forfatninga fastset. 

Den europeiske unionen rosar òg dei framstega som den nasjonale samlingsregjeringa har gjort for å gjennomføre den samla politiske avtalen, og stadfester på nytt si fulle støtte til forsoningsprosessen til det togolesiske folket. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.