Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dødsdommen mot Ali Mahin Torabi (16.10.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU er djupt uroa over meldingane om at den øvste leiaren for domstolane i Den islamske republikken Iran, Ayatollah Mahmoud Hashemie Sharoudi, i nær framtid vil stadfeste dødsdommen mot Ali Mahin Torabi.

EU er djupt uroa over meldingane om at den øvste leiaren for domstolane i Den islamske republikken Iran, Ayatollah Mahmoud Hashemie Sharoudi, i nær framtid vil stadfeste dødsdommen mot Ali Mahin Torabi.

EU minner om dei internasjonale forpliktingane til Den islamske republikken Iran, særleg den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og konvensjonen om rettane til barnet, som begge inneheld eit tydeleg forbod mot å avrette mindreårige eller menneske som er dømde for brotsverk dei gjorde seg skuldige i då dei var mindreårige.

EU understrekar på nytt at dei lenge har vore i mot dødsstraff under alle omstende og minner på nytt om at eventuelle justismord i samband med at dødsstraff blir nytta, utgjer eit uoppretteleg og ugjenkalleleg tap av menneskeliv.

EU ber innstendig Den islamske republikken Iran om å stogge dommen mot Torabi og at saka blir granska av relevante instansar som tek omsyn til alle faktum og vitne, noko som er i samsvar med både den nasjonale lovgjevinga og dei internasjonale forpliktingane til Den islamske republikken Iran, særleg artikkel 14 nr. 1 og 2 om retten til ein rettferdig rettargang i den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.