Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer 26. juni 2007 (26.06.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU understrekar at dei prioriterer å avskaffe tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff på globalt plan og ei full rehabilitering av torturoffer.

Sidan det er tjue år sidan den internasjonale konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff tredde i kraft, og det er den tiande internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer (26. juni), understrekar EU at dei prioriterer å avskaffe tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff på globalt plan og ei full rehabilitering av torturoffer.

EU er fast overtydd om at eit absolutt forbod mot tortur er ein av hjørnesteinane i det verdsomspennande rammeverket for menneskerettar, og minner om at ein ikkje kan skulde på noka form for ekstraordinære omstende, det vere seg krig, terrorhandlingar, indre politisk ustabilitet eller andre offentlege krisesituasjonar, for å rettferdiggjere tortur eller noka anna form for mishandling. Alle statar har plikt på seg til å syte for at ingen enkeltmenneske blir utsette for risikoen for slik behandling. Statane må setje i gang uavhengige og effektive undersøkingar av alle påstandar om tortur og mishandling, gje offera oppreisning, rettsforfølgje gjerningsmennene og syte for at slike brotsverk ikkje skjer. EU fordømmer igjen alle handlingar som tek sikte på å legalisere eller tillate tortur og mishandling, og oppmodar alle statar om konsekvent å verne om den grunnleggjande retten til ikkje å bli utsett for tortur.

EU ber innstendig alle statar som enno ikkje er part i den internasjonale konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, om straks å tiltre han. Konvensjonen er eit instrument som gjev verdssamfunnet globale tiltak for vern mot tortur. Dei statane som er part i konvensjonen, er mellom anna forplikta til å innarbeide brotsverket tortur i den nasjonale lovgjevinga si og å straffe tortur på ein passande måte der tortur skjer. Dessutan fastset denne konvensjonen at konvensjonspartane regelmessig skal sende inn fullstendige rapportar, og at både meldingar frå enkeltpersonar og frå statar om andre statar kan bli undersøkte for å overvake at konvensjonen blir gjennomført på nasjonalt plan. EU seier seg glad for at Andorra, Montenegro og San Marino har ratifisert konvensjonen det siste året.

EU seier seg dessutan svært glad for at den valfrie protokollen til konvensjonen tredde i kraft i 2006. Ved å innføre ei ordning med uavhengige, internasjonale vitjingar styrkjer protokollen det internasjonale rammeverket mot tortur. I kampen mot tortur er openheit og innsyn avgjerande faktorar. Som FNs spesialrapportør om tortur har teke opp fleire gonger, er det å inspisere fengsel eitt av dei mest effektive tiltaka for å førebyggje tortur. Det at det kan opprettast uavhengige nasjonale og internasjonale overvakingsordningar innafor ramma av konvensjonen, bør vere avgjerande når det gjeld å avskaffe den barbariske praksisen med tortur. Difor oppmodar EU på det sterkaste alle statar om å ha det som ei prioritert oppgåve å vurdere å underteikne og ratifisere den valfrie protokollen. EU seier seg glad for at Armenia, Benin, Brasil, Kambodsja, Liechtenstein, Moldova, New Zealand, Peru, Senegal, Serbia og Ukraina har ratifisert protokollen det siste året.

EU gjev si fulle støtte til den leiande rolla FN har når det gjeld å kjempe mot tortur og støtte torturoffer over heile verda, særleg det arbeidet som blir gjort av FNs spesialrapportør om tortur, FNs torturkomité, underkomiteen for førebygging av tortur som nett er oppretta, FNs frivillige fond for torturoffer og FNs høgkommissær for menneskerettar. EU rosar òg dei regionale overvakingsorgana, medrekna Den europeiske komiteen for førebygging av tortur, for dei verdfulle bidraga deira. Det er avgjerande at alle statar samarbeider i god tru med FNs spesialrapportør om tortur og dei andre internasjonale overvakingsordningane.

Det daglege arbeidet i desse institusjonane blir supplert av ei heil rekkje aktørar frå det sivile samfunnet som arbeider utrøytteleg for å auke medvitet om tortur, medrekna det å førebyggje tortur og rehabilitere torturoffer. EU nyttar dette høvet til å heidre den ubrotne innsatsen til dei mange frivillige organisasjonane og einskildpersonane som arbeider målmedvite og iherdig for å førebyggje tortur og for å lindre lidingane til offera. EU seier seg òg glad for den sentrale rolla som rehabiliteringssentra for torturoffer speler over heile verda. EU er fast bestemt på å halde fast på si leiande rolle når det gjeld å støtte dei aktivitetane sivilsamfunnet set i verk mot tortur over heile verda, og minner om at det å førebyggje tortur og rehabilitere torturoffer framleis vil vere prioriterte oppgåver når det gjeld finansiering innafor rammene av det nye europeiske initiativet for demokrati og menneskerettar (EIDHR).

EU er fast bestemt på å intensivere innsatsen sin, særleg dei politiske, diplomatiske og finansielle initiativa dei har teke innafor ramma av retningslinjene mot tortur. EU er reie til å samarbeide med alle interesserte partar for å oppnå målet om å sikre ei verd fri for tortur.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.