Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om innføringa av unntakstilstand i Pakistan (06.11.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

EU er svært uroa over at president Musharraf 3. november erklærte unntakstilstand og oppheva den pakistanske forfatninga og dei grunnleggjande rettane.

EU strekar på nytt kraftig under kor viktig det er at det blir halde frie og rettferdige val som planlagt, at det blir innført sivilt styre igjen og at menneskerettane blir respekterte fullt ut, medrekna eit uavhengig rettsvesen og mediefridom. EU er særleg uroa over rapportar om at fleire leiarar av politiske parti, advokatar, journalistar, menneskerettsforkjemparar og representantar for det sivile samfunnet er arresterte. 

EU merkjer seg med interesse erklæringa til statsminister Aziz om at det skal haldast val som planlagt i januar, og ser fram til at det blir skapt nødvendige føresetnader for å garantere frie og rettferdige val. 

EU ser at freden og tryggleiken i Pakistan er trua, men meiner at den einaste måten å oppnå stabilitet og utvikling på er gjennom demokrati, respekt for menneskerettane og prinsippa til rettsstaten. 

Difor oppmodar EU no regjeringa i Pakistan om raskt å treffe tiltak for å: i) innføre forfatninga igjen, ii) skape dei føresetnadene som er nødvendige for at det kan haldast frie og rettferdige val som planlagt i januar, iii) setje alle politiske fangar fri, medrekna medlemmer av rettsvesenet og likeeins Asma Jahangir, FNs spesialrapportør om trus- og religionsfridom, iv) sjå til at presidenten sin lovnad om å gå av som øvste leiar for hæren seinast 15. november, blir innfridd v) gjere det dei kan for å få til ei forsoning med den politiske opposisjonen og vi) løyse på restriksjonane for media.

Samstundes oppmodar EU innstendig alle dei partane som er involverte, om å vise måtehald og å samarbeide om ei fredeleg og demokratisk løysing. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.