Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen i høve verdsdagen mot dødsstraff – 10. oktober (10.10.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:

I høve den femte verdsdagen mot dødsstraff understrekar Den europeiske unionen på nytt at dei lenge har vore i mot dødsstraff under alle omstende. Det å avskaffe dødsstraff bidreg til at mennesket får større verdigheit og til at menneskerettane gradvis utviklar seg vidare.

I høve den femte verdsdagen mot dødsstraff understrekar Den europeiske unionen på nytt at dei lenge har vore i mot dødsstraff under alle omstende. Det å avskaffe dødsstraff bidreg til at mennesket får større verdigheit og til at menneskerettane gradvis utviklar seg vidare.

Alle tiltak for å avskaffe dødsstraff bør reknast som framsteg mot retten til å leve. EU tek difor opp att oppmodinga si til dei statane som framleis har dødsstraff, om å arbeide for å avskaffe dødsstraff og i mellomtida straks opprette eit moratorium.

EU ønskjer å minne om at eventuelle justismord i samband med at dødsstraff blir nytta, utgjer eit uoppretteleg og ugjenkalleleg tap av menneskeliv, samstundes som Unionen uttrykkjer si medkjensle med personar som med urett har blitt dømde til døden, og med slektningane deira og andre indirekte offer for dødsstraff.

EU uttrykkjer djup uro over tilfelle av dødsstraff som ikkje oppfyller dei høgaste rettferdsstandardane. EU er svært uroa over at mindreårige i nokre få land framleis blir dømde til døden og avretta, noko som er eit klart brot på det desse landa har forplikta seg til internasjonalt.

EU seier seg svært glad for at dødsstraff er avskaffa i Rwanda. Det er eit sterkt signal til andre land over heile verda at eit land som Rwanda, med den grufulle valden landet nyleg har opplevd, har valt å avskaffe dødsstraff. Den europeiske unionen er svært glad for å sjå at tendensen mot at dødsstraff blir avskaffa for alle typar brotsverk i heile verda, held fram.

EU vil halde fram med den aktive innsatsen sin i forskjellige land kring i verda til støtte for å avskaffe dødsstraff. EU held òg fram med å støtte initiativ frå sivilsamfunnets organisasjonar som styrkjer den verdsomspennande rørsla for å avskaffe dødsstraff, og oppmuntrar alle land i den positive utvikinga deira mot heilt å avskaffe dødsstraff.

Innafor ramma av ein allianse på tvers av regionar vil EU leggje fram ein resolusjon om å avskaffe dødsstraff og om eit moratorium for bruken av ho på FNs 62. generalforsamling.

I dag, på verdsdagen mot dødsstraff, minner Den europeiske unionen om at innsatsen for å avskaffe dødsstraff må halde fram, og Unionen oppmodar alle land som framleis praktiserer dødsstraff, om å gå inn for å avskaffe dødsstraff under alle omstende.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

*  Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.