Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om ytringsfridomen i Den islamske republikken Iran (23.10.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

EU er framleis djupt uroa over den auka undertrykkinga av alle grupper som nyttar den retten dei har til fritt å gje uttrykk for meiningane sine, og over at avgrensingane i pressefridomen og ytringsfridomen blir trappa opp i Den islamske republikken Iran.

EU fordømmer stenginga av aviser og tidsskrift og av nyhendebyrået «Iranian Labour News Agency», og dessutan at journalistar, nettbloggarar og menneskerettsforkjemparar blir arresterte og forfølgde fordi dei nyttar seg av den retten dei har til ytringsfridom, og minner om resolusjon 59/I frå FNs generalforsamling.

EU er særleg uroa over situasjonen til menneskerettsforkjemparen og journalisten Emmadin Baghi fordi han stadig blir dømd til fengsel på grunn av det akademiske arbeidet sitt, og ber innstendig Den islamske republikken Iran om å setje han fri straks.

EU er djupt uroa over at tre studentar frå Amir Kabir-universitetet, Ehsan Masoori, Ahmad Ghassaban og Majid Tavakkoli, er blitt dømde til høvesvis to, to og eit halvt og tre års fengsel for eit brotsverk som dei i følgje utsegna frå ayatolla Sharoudi ikkje er skuldige i, og meiner at desse dommane er eit alvorleg brot på dei internasjonale forpliktingane til Iran når det gjeld menneskerettane. EU oppmodar Den islamske republikken Iran om å sikre den fysiske og psykologiske integriteten til desse studentane.

EU tek òg opp att uroa si over situasjonen til Mohammad Sadeg Kabovand, Said Matinpou, Mohammad Hassan Fallahieh, Adnan Hassanpour, Kaveh Javanmard, Ejlal Ghavami, Ako Kurdnasab, Farshad Ghorbanpour, Soheyl Asefi, Ali Farahbakhsh og Abdolvahed Boutimar og oppmodar Den islamske republikken Iran om å avstå frå å straffe enkeltpersonar fordi dei på fredeleg vis nyttar seg av dei rettane dei har.

EU ber innstendig Den islamske republikken Iran om å oppfylle både dei internasjonale forpliktingane sine når det gjeld menneskerettane, det vil seie artikkel 19 i den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar og artikkel 19 i den internasjonale menneskerettserklæringa, om retten til ytringsfridom, og den nasjonale iranske lovgjevinga, særleg artikkel 24 og 168 i forfatninga om ytringsfridom og artikkel 26 om forsamlingsfridom. Den internasjonale konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, som Den islamske republikken Iran har ratifisert, garanterer òg retten til å skipe eller melde seg inn i fagforeiningar.

EU oppmodar Den islamske republikken Iran om å oppfylle dei internasjonale standardane om fagforeiningar som ILO har fastsett og som er vedtekne tidlegare, og å vurdere å endre arbeidslovgjevinga, særleg artikkel 130-138.

EU oppmodar òg dei iranske styresmaktene om på nytt å gå gjennom dei restriksjonane dei har kunngjort i samband med det neste valet til Majlis, for å sikre frie og demokratiske val.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.