Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om forverringa i situasjonen for den religiøse minoriteten bahai i Iran (07.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU er djupt uroa over forverringa i situasjonen for etniske og religiøse minoritetar i Iran, særleg over den vanskelege stillinga bahaiane er i.

EU er djupt uroa over forverringa i situasjonen for etniske og religiøse minoritetar i Iran, særleg over den vanskelege stillinga bahaiane er i.

I følgje pålitelege rapportar har den iranske domsmakta stadfesta at 54 bahaiar er dømde av ein domstol i Shiraz for «propaganda mot regimet». Tre av dei dømde bahaiane fekk fire års fengsel, mens 51 fekk eitt års fengsel på vilkår.

EU er uroa over den systematiske diskrimineringa og trakasseringa av bahaiane i Iran, mellom anna i form av utvising av elevar og studentar frå vidaregåande skular og universitet, utestenging frå arbeidslivet og fiendtleg propaganda i dei iranske media.

EU vil gje uttrykk for sin sterke motstand mot alle former for diskriminering, særleg i religiøs samanheng. I samband med dette ber EU Den islamske republikken Iran innstendig om å setje fri dei fengsla bahaiane og slutte å straffeforfølgje medlemmer av bahaiminoriteten på grunnlag av tru og religionsutøving.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.