Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om pågripinga av Riyad Seif og fengslinga av andre aktivistar frå Damaskus-erklæringa (01.02.08)

Den europeiske unionen minner om formannskapserklæringa av 27. september 2007 og erklæringa frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen av 31. desember 2007, og fordømmer pågripinga av Riyad Seif, ein framståande medlem av den demokratiske opposisjonen og tidlegare medlem av den syriske nasjonalforsamlinga, den 28. januar 2008.

Den europeiske unionen minner om formannskapserklæringa av 27. september 2007 og erklæringa frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen av 31. desember 2007, og fordømmer pågripinga av Riyad Seif, ein framståande medlem av den demokratiske opposisjonen og tidlegare medlem av den syriske nasjonalforsamlinga, den 28. januar 2008.

Den europeiske unionen er òg sterkt uroa over fengslinga av elleve andre menn som har underteikna den nemnde erklæringa, nemleg Ahmed Tomeh, Jaber El Choufi, Akram El Bounni, Walid El Bounni, Mohammed Yasser El Aiti, Fida Hourani, Ali Abdallah, Fayez Sara, Mohammed Hajji Darwish, Marwan El Eich og Talal Abu Dan, og alle andre samvitsfangar og politiske fangar.

Den europeiske unionen ber om at Riyad Seif og dei elleve andre fangane, som på ein fredeleg måte hadde sagt si meining og teke til orde for demokratiske reformer i Syria, omgåande blir sette fri. Den europeiske unionen fryktar for tryggleiken og den fysiske velferda deira, særleg på grunn av den alvorlege helsetilstanden til Riyad Seif og nokre av dei andre fengsla mennene, og ber dei syriske styresmaktene innstendig om å respektere internasjonale lover og standardar og å sikre at alle som sit fengsla får eigna fengslingstilhøve og passande medisinsk behandling.

Den europeiske unionen oppmodar den syriske regjeringa til å revurdere situasjonen for alle politiske fangar og samvitsfangar i samsvar med den syriske grunnlova og internasjonale dokument som staten er bunden av, nærmare bestemt Verdserklæringa om menneskerettane og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Syria har underteikna og ratifiserte i 1969, og som klart slår fast retten til ytringsfridom, retten til forsamlingsfridom og retten til å bli behandla med humanitet og respekt under fridomstap. På denne bakgrunnen ber Den europeiske unionen dei syriske styresmaktene om å ta opp att dialogen med det syriske sivilsamfunnet.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova og Georgia, stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.