Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om parlamentsvalet i Angola (24.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen seier seg nøgd med at første fase av valprosessen i Angola er sluttført, med offentleggjeringa av dei endelege resultata frå parlamentsvalet, som vart gjennomført 5. og 6. september 2008.

Den europeiske unionen er glad for at alle partia har engasjert seg i valprosessen, slik at prosessen kan halde fram og sluttførast under rolege forhold. Dette vitnar om eit eksemplarisk nasjonalt samhald.

Parlamentsvalet i Angola er resultatet av eit omfattande arbeid, som Den europeiske unionen vil rose partane for, og valet er, trass i ein del logistiske vanskar, i det store og heile sett på som vellukka av alle observatørar. Valet viser den lange vegen Angola har gått for å oppnå nasjonal forsoning, seks år etter at borgarkrigen tok slutt, og det er eit sterkt symbol for heile Afrika.

Angola må no sjå framover, byggje opp att økonomien og vidareføre demokratiseringsprosessen. Den europeiske unionen er reie til å støtte landet i dette arbeidet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.