Historisk arkiv

Erklæring om at formannskapet på vegner av EU ser positivt på iverksetjinga av ASEAN-charteret (17.12.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen ser positivt på iverksetjinga av ASEAN-charteret. Dette dokumentet definerer ei ny institusjonell ramme og markerer ein viktig etappe i den regionale integreringsprosessen i Søraust-Asia.

Den europeiske unionen ser positivt på iverksetjinga av ASEAN-charteret. Dette dokumentet definerer ei ny institusjonell ramme og markerer ein viktig etappe i den regionale integreringsprosessen i Søraust-Asia.

Charteret vil fremje det økonomiske samarbeidet og handelssamkvemmet innanfor ASEAN og medverke til fred og framgang i regionen. Denne fornya ramma vil òg setje ASEAN i stand til å spele ei større politisk rolle og gjere seg meir gjeldande i regionen. Dermed vil charteret vere med og styrkje utvikling og stabilitet i heile regionen.

Den europeiske unionen deler dei felles verdiane og prinsippa som medlemslanda i ASEAN uttrykkjer i charteret, særleg når det gjeld å fremje demokrati og menneskerettar. Unionen ser positivt på at det er nedfelt ein mekanisme som skal fremje og verne om menneskerettane.

Denne verdifellesskapen og den institusjonelle utviklinga i ASEAN må oppmuntre oss til å arbeide vidare for ei ytterlegare utdjuping av relasjonane oss imellom, både økonomisk og politisk. Difor vil charteret tene til å forsterke kontaktane mellom Den europeiske unionen og ASEAN. I denne ånda har Den europeiske unionen og fleire medlemsland allereie kunngjort at dei aktar å akkreditere ambassadørar til generalsekretariatet i ASEAN.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Molodova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.