Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om frigjevinga av 119 fangar i Aserbajdsjan (08.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU der ein ser positivt på den lenge etterlengta frigjevinga av fem journalistar i høve solidaritetsdagen for aserbajdsjanarane i verda.

Den europeiske unionen ser positivt på den lenge etterlengta frigjevinga av fem journalistar i høve solidaritetsdagen for aserbajdsjanarane i verda.

Ved å gje nåde har presidenten ført Aserbajdsjan eit viktig steg vidare på vegen mot å oppfylle internasjonale og europeiske tilsegner om pressefridom.

Den europeiske unionen ber om at dei tre journalistane som framleis sit fengsla (Mirza Sakit Zahidov, Ganimat Zahid og Eynullah Fatullajev), snarast råd blir sette fri eller får nåde, og at det blir innført moratorium på rettsforfølging for injuriar.

Den europeiske unionen er overtydd om at slike politiske handlingar kan medverke til å styrkje partnarskapen mellom Aserbajdsjan og Den europeiske unionen og leggje til rette for eit gunstigare politisk klima i innspurten til valkampen.  

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen