Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fengslinga av Bahai-tilhengjarar (21.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU er djupt uroa over rapportar om at tenestemenn frå Etterretningsministeriet 14. mai arresterte seks medlemmer av Bahai-samfunnet i Teheran, som no vert haldne internerte i Evin-fengselet.

EU er djupt uroa over rapportar om at tenestemenn frå Etterretningsministeriet 14. mai arresterte seks medlemmer av Bahai-samfunnet i Teheran, som no vert haldne internerte i Evin-fengselet. 

EU understrekar enda ein gong si sterke uro over den vedvarande og systematiske diskrimineringa og trakasseringa av dei iranske bahaiane på grunn av deira religion.

EU oppmodar Den islamske republikken Iran om å godta fullt ut retten for alle til å velje og praktisere den religionen dei sjølve ønskjer, stanse forfølginga av bahai-samfunnet og sleppe dei arresterte personane fri.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.