Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen på seksårsdagen for bortføringa av Ingrid Betancourt (23.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Seksårsdagen for bortføringa av Ingrid Betancourt den 23. februar 2003 er ei påminning til verdssamfunnet om den tragedien som dagleg rammar alle som er haldne som gissel i Colombia. Nokre har sete i fangenskap i over ti år.

Seksårsdagen for bortføringa av Ingrid Betancourt den 23. februar 2003 er ei påminning til verdssamfunnet om den tragedien som dagleg rammar alle som er haldne som gissel i Colombia. Nokre har sete i fangenskap i over ti år.

Den europeiske unionen såg positivt på at Clara Rojas – valkampleiar for Ingrid Betancourt – og Consuelo González de Perdomo blei sette fri 10. januar 2008, og vonar at kunngjeringa frå FARC den 2. februar om frigjeving av Gloria Polanco, Luis Eladio Pérez og Orlando Beltrán, som alle har sete i fangenskap i fleire år, snarast råd blir sett ut i livet. Det ville vere eit steg i rett lei.

Unionen vil igjen i dei sterkaste ordelag fordømme gisseltaking i alle situasjonar. EU oppmodar dei ulovlege væpna gruppene i Colombia til snarast å setje fri alle som sit fanga og å gå bort frå kidnapping og gisseltaking.

Unionen har frå før understreka behovet for ei humanitær løysing og minner igjen om det presserande i at kvinner og sjuke snarast blir sette fri. Unionen understrekar det viktige i å arbeide for å nå dette målet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.