Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Bolivia (11.04.08)

Den europeiske unionen er uroa over den spente situasjonen i Bolivia og den vedvarande mangelen på dialog for å løyse opp situasjonen, og er bekymra over faren for valdsutbrot som kan true den fredelege sameksistensen i landet.

Den europeiske unionen er uroa over den spente situasjonen i Bolivia og den vedvarande mangelen på dialog for å løyse opp situasjonen, og er bekymra over faren for valdsutbrot som kan true den fredelege sameksistensen i landet.

Den europeiske unionen oppmodar partane kvar for seg til å treffe tiltak for å avspenne situasjonen og leggje til rette for ein genuin nasjonal dialog der konkrete spørsmål kan drøftast konstruktivt og utan vilkår. Særleg er det nødvendig at kvar av partane respekterer institusjonane og rettsstaten.

Den europeiske unionen ser positivt på den innsatsen den katolske kyrkja, Organisasjonen av amerikanske statar og landa i vennegruppa for Bolivia gjer for å gjenopprette den politiske dialogen i Bolivia. Den europeiske unionen står til disposisjon for den konstitusjonelle bolivianske regjeringa og opposisjonskreftene for å medverke til ei tilnærming som kan setje partane i stand til å gå tilbake til forhandlingsbordet og tillate gjenoppretting av tilliten, med sikte på å nå fram til konsensus om forfatningsendringar og regional autonomi.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.