Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om stenginga av regionkontora til British Council i Den russiske føderasjonen (21.01.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei erklæring frå EU om stengninga av regionkontora til British Council i Den russiske føderasjonen.

EU er sterkt uroa over at Russland står fast på kravet om at British Council må stengje regionkontora sine i St. Petersburg og Jekaterinburg, og minner om erklæringa si i dette spørsmålet frå 21. desember 2007.

Særleg djupt beklagar EU trakasseringa av staben ved British Council og dei administrative og andre tiltaka dei russiske styresmaktene har varsla. Desse handlingane er i strid med ånda i det kultursamarbeidet Russland sa ja til under den første samlinga i kulturseksjonen i det permanente partnarskapsrådet mellom EU og Russland i Lisboa 25. oktober 2007.

EU understrekar på ny den verdifulle og viktige rolla British Council og alle andre kulturinstitutt frå EU-medlemsstatar med avdelingar i Russland spelar i arbeidet med å fremje samarbeid mellom Den russiske føderasjonen og EU. Kulturinstitutt er vesentlege innslag i arbeidet for gjensidig kjennskap til folk og kulturar og bør ha sterk støtte. Dei er dessutan ein nøkkel til å utvikle kultursamkvemmet mellom EU og Russland i samsvar med partnarskaps- og samarbeidsavtalen dei to har inngått.

EU oppmodar Den russiske føderasjonen sterkt til å la British Council arbeide fritt og effektivt i Russland og ikkje å gjere noko meir som kan hindre verksemda deira.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landet Noreg, som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Georgia, stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.