Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om åtaka ved Bujumbura (23.04.08)

Den europeiske unionen er forskrekka over åtaka og dei påfølgjande skotvekslingane som har gått føre seg like i nærleiken av Bujumbura og i Kayanza-provinsen sidan 17. april.

Den europeiske unionen er forskrekka over åtaka og dei påfølgjande skotvekslingane som har gått føre seg like i nærleiken av Bujumbura og i Kayanza-provinsen sidan 17. april.

Den europeiske unionen ser med sorg på åtaka og ber alle partar, først og fremst Palihehutu-FNL, innstendig om straks å stanse kamphandlingane, som set sivilbefolkninga og heile fredsprosessen i fare.

Den europeiske unionen oppmodar sterkt om at partane går tilbake til dialog som einaste middel til fred og forsoning, som er ei grunnleggjande forventning hos det burundiske folket, og ber Palipehutu-FNL om snarast råd å ta opp att arbeidet i den felles verifikasjons- og overvakingsmekanismen for våpenkvileavtalen frå 7. september 2006.
 
Den europeiske unionen stadfester si støtte til det sørafrikanske tilretteleggingsarbeidet og til det regionale initiativet, og er fast bestemt på å spele ei aktiv politisk rolle i  arbeidet med å rydde veg for gjennomføring av handlingsplanen som blei vedteken i Cape Town (22. og 23. februar 2008) og å støtte opp om all innsats for å få i gang igjen forhandlingane og konsolidere freden i Burundi.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.