Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter frigjevinga av U Win Tin (24.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen seier seg glad for at den burmesiske journalisten U Win Tin, som er ein av grunnleggjarane av Den nasjonale ligaen for demokrati, er sett fri etter 19 år i fengsel.

Den europeiske unionen ber igjen om at alle politiske fangar i Burma vert sette fri, og særleg Aung San Suu Kyi, og at det vert innleidd ein reell dialog med opposisjonen, for å få til ei nasjonal forsoning og overgang til demokrati i Burma.

Den europeiske unionen håpar at denne frigjevinga vert følgt opp av fleire slike tiltak frå dei burmesiske styresmaktene si side, og at styresmaktene vil vise reell vilje til å oppfylle forventningane frå det internasjonale samfunnet, både på det politiske planet og når det gjeld menneskerettar, slik desse er formulerte mellom anna av Tryggingsrådet og Generalforsamlinga i FN.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.