Erklæring frå formannskapet på vegner av EU om effektiv internasjonal bistand til Burma/Myanmar framfor den internasjonale konferansen 25. mai (28.05.08)

Den europeiske unionen stadfester sin solidaritet med innbyggjarane i Burma/Myanmar som er råka av syklonen Nargis. EU uttrykkjer si fulle støtte til den innsatsen FN, ASEAN-landa og internasjonale og lokale instansar gjer for å yte naudhjelp til ofra og hjelpe dei å byggje opp att livsgrunnlaget sitt fort.

Den europeiske unionen stadfester sin solidaritet med innbyggjarane i Burma/Myanmar som er råka av syklonen Nargis. EU uttrykkjer si fulle støtte til den innsatsen FN, ASEAN-landa og internasjonale og lokale instansar gjer for å yte naudhjelp til ofra og hjelpe dei å byggje opp att livsgrunnlaget sitt fort.

Dei vesentlege bidraga Den europeiske kommisjonen og EU-medlemsstatane alt har ytt, viser at unionen er fast bestemt på å gjere sitt for å nå dette felles målet.

EU ber innstendig om at styresmaktene i Burma/Myanmar først og fremst må fjerne alle hinder som enno står i vegen for at humanitær hjelp snarast kan nå fram til dei hardast råka regionane i landet.

Den europeiske unionen uttrykkjer si fulle støtte til det arbeidet generalsekretæren i FN har gjort for å ta hand om denne akutte humanitære krisa, og ser positivt på den leiarskapen han og kontoret for samordning i humanitære spørsmål, OCHA, har vist i arbeidet med å øve press på styresmaktene i Burma/Myanmar og spore til auka lokal og internasjonal respons.

Av omsyn til befolkningane som er råka, legg EU den største vekt på samordna og effektiv internasjonal respons.

EU gler seg over at ASEAN står fast på å framskunde hjelpeinnsatsen for dei naudlidande, og ser positivt på tiltaka som blir sette i verk med sikte på dette. EU oppmodar ASEAN-partnarane til å stille dei nødvendige ressursane til disposisjon og handle raskt for å få i stand eit effektivt leveringssystem i samarbeid med FN og andre gjevarar.

Gjennom partnarsamarbeid vil EU medverke til at denne konferansen fører til konkrete resultat, særleg når det gjeld å få tilgjengeleg humanitær hjelp og ekspertise raskt og effektivt ut til alle naudlidande og å mobilisere ytterlegare humanitær bistand. Unionen legg òg vekt på ei grundig behovsvurdering som grunnlag for ein truverdig rehabiliteringsplan.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia,  som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina stiller seg bak denne erklæringa.


* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.