Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om "Charter 2008" og fengslinga av menneskerettsforkjemparar før 60-årsdagen for Den universelle menneskerettserklæringa (19.12.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen ønskjer å gje uttrykk for si djupe uro etter arrestasjonen av Liu Xiaobo og andre menneskerettsaktivistar rett før 60-årsdagen for Den universelle menneskerettserklæringa.

Den europeiske unionen ønskjer å gje uttrykk for si djupe uro etter arrestasjonen av Liu Xiaobo og andre menneskerettsaktivistar rett før 60-årsdagen for Den universelle menneskerettserklæringa.

Liu Xiaobo er ein av dei 303 som har underteikna "Charter 2008", som oppmodar Kina om å gjennomføre politiske reformer. Den europeiske unionen ber dei kinesiske styresmaktene om snarast å klargjere kva tilhøve Liu vert halden internert under, og kva som var grunnen til at han vart arrestert. Unionen ber òg om at dei grunnleggjande menneskerettane til Liu og dei andre som er arresterte dei siste dagane, vert respekterte, og at prinsippet om ytringsfridom vert etterlevd i Kina i alle samanhengar. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.