Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen for menneskerettsforkjemparar i Colombia (19.05.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen ønskjer å gje uttrykk for si alvorlege uro over drapa på og dødstruslane mot leiarar av sosiale organisasjonar og menneskerettsorganisasjonar i Colombia dei siste vekene.

Den europeiske unionen ønskjer å gje uttrykk for si alvorlege uro over drapa på og dødstruslane mot leiarar av sosiale organisasjonar og menneskerettsorganisasjonar i Colombia dei siste vekene.

Organisasjonar som i mange år har hatt eit nært samarbeid med Den europeiske unionen i Colombia, har ikkje vore forskåna for denne bølgja av truslar og terror:
Sidan 18. februar 2008 har fem leiarar og medlemmer av foreiningar som har vore med i EU-program, betalt med sine liv for sitt engasjement for lokalsamfunnet. I tillegg har organisasjonar som får støtte frå EU - mellom dei programmet for fred og utvikling i Magdalena Medio - fått truslar på e-post, der dei frivillige organisasjonane og dei lokale leiarane og kyrkjeleiarane som har medverka i desse prosjekta, er utpeika som "militære mål" for illegale væpna grupper.

Den europeiske unionen ønskjer å framheve den legitime innsatsen til desse lokale leiarane for å skape fred i Colombia og forsvare og fremje menneskerettane i landet. EU er òg opprørt over framveksten av væpna kriminelle grupper som erobrar og okkuperer dei ulovlege strukturane for kontroll av landområde, som vart etablerte av Dei sameinte sjølvforsvarsstyrkane i Colombia, før desse vart oppløyste.

Den europeiske unionen har allereie gjort sine synsmåtar kjende for dei kolombianske styresmaktene, som har lova å vidareføre kampen mot desse valdsformene. Den europeiske unionen vil for sin del halde fram med å gje resolutt støtte til menneskeretts¬forkjemparar i Colombia.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Armenia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.