Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Darfur (23.09.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen oppmodar dei sudanske styresmaktene om straks å stanse dei militære operasjonane som starta for nokre dagar sidan i Darfur. Unionen fordømmer bruken av kvite fly i desse operasjonane, noko som vert gjort med overlegg for å skape forvirring, fordi dei kan forvekslast med flya til Dei sameinte nasjonane.

Den europeiske unionen er særleg uroa over at den humanitære hjelpa har stoppa opp i dei aktuelle områda, særleg i Jebel Marra.

Den europeiske unionen oppmodar alle partar om å respektere våpenkvileavtalen utan vilkår, og rette seg etter internasjonal humanitær rett, menneskerettskonvensjonane og resolusjonane frå Tryggingsrådet. Særleg må dei sørgje for at dei humanitære hjelpearbeidarane og UNAMID har fri tilgang til desse områda, og at UNAMID fritt kan utøve sitt mandat til å verne dei sivile.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.