Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen etter kommunikeet frå aktor ved Den internasjonale straffedomstolen (ICC) (14.07.08)

Den europeiske unionen har merkt seg utsegnene frå aktor ved ICC om brotsverka som er utøvde i Darfur.

Det er no opp til dommarane ved det saksførebuande kammeret i ICC å avgjere korleis dei skal svare på oppmodinga frå aktor.

Den europeiske unionen minner om at ICC spelar ei grunnleggjande rolle i arbeidet for internasjonal lov og rett. Særleg tek EU på ny til orde for at arrestordrane som domstolen har utferda mot Ahmed Harun og Ali Kushayb, må bli effektuerte.

Den europeiske unionen stadfester at det er strategisk viktig å søkje ei politisk løysing i Dafur og å syte for at fredsavtalen mellom nord og sør (CPA) blir gjennomført. Unionen oppmodar den nasjonale sudanske einskapsregjeringa og alle parti, grupper og rørsler i Darfur om å arbeide mot desse måla, til beste for befolkninga i Sudan og stabiliteten i landet og regionen.

Den europeiske unionen seier seg på ny villig til å støtte fredsinnsatsen i Darfur.