Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om årsdagen for framlegginga av situasjonen i Darfur/Sudan for ICC (31.03.08)

Den 31. mars 2005 la tryggingsrådet i FN situasjonen i Darfur fram for Den internasjonale straffedomstolen. I resolusjon 1593 (2005) slo Tryggingsrådet fast at ”regjeringa i Sudan og alle andre partar i konflikten i Darfur skal samarbeide fullt ut og yte all nødvendig hjelp til domstolen og aktor.”

Den 31. mars 2005 la tryggingsrådet i FN situasjonen i Darfur fram for Den internasjonale straffedomstolen. I resolusjon 1593 (2005) slo Tryggingsrådet fast at ”regjeringa i Sudan og alle andre partar i konflikten i Darfur skal samarbeide fullt ut og yte all nødvendig hjelp til domstolen og aktor.”

Den 27. april 2007 utferda straffedomstolen arrestordrar på Ahmed Muhammed Haroun, noverande minister for humanitære saker, og på tidlegare leiar for Janjaweed-militiaen, Ali Muhammad Ali Abd-Al-Rahman, også kjend som ”Ali Kosheib”, i samband med påstandar om brotsverk mot menneskeslekta og krigsbrotsverk i Darfur.

EU uttrykkjer si djupe sorg over at regjeringa i Sudan framleis ikkje oppfyller sine plikter etter tryggingsrådsresolusjon 1593, mellom anna ved ikkje å arrestere desse mennene og overføre dei til ICC for straffeforfølging, langt mindre tillate ICC å forhøyre dei.

EU gjentek at Den internasjonale straffedomstolen er eit vesentleg middel til å fremje respekt for den humanitære folkeretten og menneskerettane, og såleis medverkar til fridom, tryggleik, rettferd og rettsstatleg styre og dessutan til å bevare freden og styrkje den internasjonale tryggleiken. Det grunnleggjande prinsippet i Romavedtektene for Den internasjonale straffedomstolen er at dei fleste alvorlege brotsverka som kjem verdssamfunnet ved, ikkje må forbli ustraffa. Å gjere slutt på straffridom for dei som utfører desse brotsverka, er med på å hindre slike brotsverk.

EU oppmodar på ny regjeringa i Sudan til å samarbeide utan vilkår med Den internasjonale straffedomstolen og å overlevere dei to som det er utferda arrestordre på.

Dersom krava i tryggingsrådsresolusjon 1593 framleis ikkje blir oppfylte, vil EU støtte ytterlegare, eigna tiltak mot dei som ber ansvaret for at Sudan ikkje samarbeider med ICC.

Søkjarlanda Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.