Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om bruken av dødsstraff i Iran (18.07.08)

Den europeiske unionen er sterkt uro over meldingane om at ti iranarar blei avretta offentleg berre i veka frå 7. juli 2008. Unionen er òg uroa over det nye lovforslaget om å innføre dødsstraff for endå fleire lovbrot, mellom anna oppretting av nettstader som forstyrrar den ”psykologiske samfunnstryggleiken”, som det heiter.

Lovforslaget etablerer eit sterkt misforhold mellom utførte handlingar og ilagd straff, og siktar mot ei brutal innskrenking av ytringsretten. EU står fast på at dødsstraff må avskaffast i alle land, og fordømmer sterkt både bruken av dødsstraff i Iran og det nye lovforslaget.

Den europeiske unionen stadfester sin motstand mot dødsstraff under alle omstende. Dødsstraff krenkjer menneskeverdet. Det er heller ikkje eintydig påvist at dødsstraff verkar avskrekkande, mens eventuelle justismord der dødsstraff er brukt, er irreversible og uopprettelege. Dei iranske styresmaktene har dobla talet på avrettingar frå 2006 til 2007, utan å oppnå anna enn ei forverring av kriminaliteten.

Den europeiske unionen ber Iran innstendig om å respektere internasjonale menneskerettsstandardar, straks å stanse alle avrettingar og å innføre eit moratorium med sikte på å avskaffe dødsstraffa, i samsvar med resolusjonen som generalforsamlinga i FN vedtok 18. desember 2007. Unionen oppmodar den iranske nasjonalforsamlinga om å trekkje tilbake lovforslaget og støtte opp om eit grundig ettersyn av rettspraksis med sikte på mildare straffer.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa. 

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.