Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dødsstraff i Guatemala (26.02.08)

Den europeiske unionen uttrykkjer djup uro over vedtakinga av ei lov, ”lova om omgjering av dødsstraff”, som, dersom ho skulle bli sett i kraft, i praksis vil innebere slutten på det defactomoratoriet på dødsstraff som har vore i kraft i Guatemala sidan 2000. EU meiner at lova som den guatemalanske kongressen har vedteke i denne samanhengen, er ei svært negativ utvikling.

Den europeiske unionen uttrykkjer djup uro over vedtakinga av ei lov, ”lova om omgjering av dødsstraff”, som, dersom ho skulle bli sett i kraft, i praksis vil innebere slutten på det defactomoratoriet på dødsstraff som har vore i kraft i Guatemala sidan 2000. EU meiner at lova som den guatemalanske kongressen har vedteke i denne samanhengen, er ei svært negativ utvikling.

Den europeiske unionen går imot dødsstraff i alle tilfelle og under alle omstende. Vårt syn er at avskaffing av dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet og den gradvise utviklinga av menneskerettane. Den europeiske unionen ser på dødsstraff som ei grufull og umenneskeleg straff og eit brot på retten til liv. Vi meiner at dødsstraff ikkje verkar avskrekkande, og eventuelle justismord, som ikkje er til å unngå i noko rettssystem, er uopprettelege.

EU minner om at Guatemala den 18. desember 2007 i plenumsmøtet i generalforsamlinga i FN røysta for resolusjonen om eit moratorium på bruken av dødsstraff. Resolusjonen, som blei vedteken med støtte frå 104 medlemsstatar, deriblant Guatemala, oppmodar uttrykkeleg alle statar som enno har dødsstraff, til å innføre moratorium på fullbyrdingar med sikte på å avskaffe dødsstraffa.

Denne resolusjonen frå generalforsamlinga i FN inneheld òg ei uttrykkeleg oppmoding til medlemsstatar som har avskaffa dødsstraffa, om ikkje å gjeninnføre henne. Han er dessutan ei klar oppmoding til statar med moratorium på bruken av dødsstraff om at dei heller ikkje må gjere om standpunktet sitt ved å gjeninnføre bruken av dødsstraff.

EU ber dei guatemalanske styresmaktene innstendig om straks å revurdere denne saka og setje i verk alle nødvendige tiltak for å sikre at defactomoratoriet på dødsstraff blir ståande ved lag i Guatemala, i tråd med resolusjonen om eit moratorium på bruken av dødsstraff som hovudforsamlinga i FN vedtok i desember 2007 med støtte frå Guatemala.

EU er dessutan bekymra over følgjene denne lova kan få for reformene i rettssystemet og for presserande tiltak mot straffridom.

Den europeiske unionen appellerer til presidenten i Republikken Guatemala om å bruke vetoretten sin i spørsmålet om ”lova om omgjering av dødsdommar”.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.