Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om det iranske rundskrivet som forbyr avretting av personar som var mindreårige på gjerningstidspunktet (04.11.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Den europeiske unionen ser positivt på at dei iranske styresmaktene har sendt ut eit rundskriv med forbod mot avretting av personar som var mindreårige då dei gjorde seg skuldige i brotsverket dei er dømde for, og rosar dette som ei velvillig handling med sikte på å setje praksis i Den islamske republikken Iran i samsvar med dei internasjonale pliktene landet har teke på seg.

Den europeiske unionen ber dei iranske styresmaktene innstendig om å forby alle avrettingar av personar som var mindreårige på gjerningstidspunktet, same kor gamle dei var då dei blei dømde, og utan på kunstig vis å halde avrettingar som skjer på grunnlag av lex talionis, noko som no gjeld alle desse avrettingane, utanfor.

Den europeiske unionen minner om at eit tidlegare iransk rundskriv om det same spørsmålet blei sendt ut i 2005, men ikkje sett i verk, og ber dei iranske styresmaktene om å sikre at dette forbodet blir etterlevd ved å vedta ei juridisk bindande og allmenngyldig føresegn, til dømes ei lov vedteken av parlamentet.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.

* Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.