Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske union om presidentvalet i Armenia 19. februar 2008 (22.02.08)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen gratulerer det armenske folket med gjennomføringa av eit presidentval med reell konkurranse.

Den europeiske unionen gratulerer det armenske folket med gjennomføringa av eit presidentval med reell konkurranse.

Den europeiske unionen merkjer seg dei funna og konklusjonane det internasjonale valobservatørkorpset førebels har rapportert, som går ut på at presidentvalet i Armenia, som var ein viktig prøve på demokratiet i landet, stort sett har gått føre seg i tråd med krava og normene til OSSE og Europarådet. Den europeiske unionen ser positivt på dei oppriktige forsøka som blei gjorde på å rette på dei manglane som var påpeika under tidlegare val.

EU merkjer seg likevel òg at rapporten tek opp usikre tilhøve ved valprosessen, og at ytterlegare forbetringar er nødvendige for å løyse dei utfordringane som står att. Unionen merkjer seg særleg at det i følgje ODIHR må forbetringar og ytterlegare politisk vilje til for å takle problem som manglande publikumstillit til valprosessen, fråvær av eit klart skilje mellom stats- og partifunksjonar og tiltak for å sikre likebehandling av kandidatane.

Den europeiske unionen ser fram til dei endelege resultata av presidentvalet og oppmodar dei ansvarlege styresmaktene til å sikre at klager blir tilstrekkeleg etterforska og manglar retta opp.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova stiller seg bak denne erklæringa.

*Kroatia og den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.