Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om sekspartssamtalane (18.07.08)

Den europeiske unionen seier seg fornøgd med utfallet av dei siste sekspartssamtalane som fann stad i Beijing frå 10. til 12. juli 2008, og håpar at samtalane held fram med sikte på å oppnå fullstendig, kontrollerbar og irreversibel nedbygging av heile atomprogrammet til Nord-Korea, i samsvar med måla i tryggingsrådsresolusjon 1718.

Unionen ser positivt på framgangen som er oppnådd i arbeidet med å løyse det koreanske atomspørsmålet gjennom den diplomatiske innsatsen som er sett i verk.